Heim

 

Artikler

 

Omtaler

 

Menigheter

 

Linker

 

Kontakt 

Pinse-menigheten Betaina Øyfjell

Galleri
Straume

Josvafolket

 

 

Arkiv

Samlingar og møte

www.betaniaoyfjell.no

 Nyhende og omtaler

Josvakonferansen 2011
I helga 8.-10. april vart det skipa ein desentralisert konferanse i Vest-Telemark. Organisasjonen Josvafolket med Kristin og Frank Håvik i spissen sto som arrangør saman med pinsemenighetane i Øyfjell, Høydalsmo og Lårdal.

Konferansen starta med møte på Edland Samfunnshus på fredag kveld, og fortsette på Galleri Straume i Øyfjell på laurdag med møte, tema-seminar, og festmøte om kvelden. Sundag føremiddag var det også møte på Galleri Straume, og avslutning på Elim i Høydalsmo på ettermiddagen. Hovudtalar denne helga var den landskjente evangelisten Viggo Wilhelmsen.

Viggo var maskinist og chif i utenriksfart, då Gud møtte han gjennom ei stor livskrise som held på å ta livet av han. I ein mannsalder har Viggo reist som evangelist over heile landet og i utlandet, og han er ein høgt verdsett forkynnar som alltid har interessante vinklingar på det han delar. Songkrefter var Solveig og Ingolf Grønstøl frå Bømlo, og gruppa Godt Nytt frå Øyfjell. På laurdag var det matsal både før og etter seminara. 
I tillegg til folk frå Vest-Telemark kom ei gruppe på ca 20 frå Vestlandet, nærmare bestemt frå Stord/Fitjar og omeign. På Fitjar har det vore vekkjingstider i det siste, og dei dela opplevingar frå det.


Håpskveld
Laurdag 2. april var det Håpskveld med konsert av Ola Ohm, piano, og Magnhild Mo, cello, på Galleri Straume i Øyfjell. Line Camilla Lyngvær Tranvåg las dikt og bibeltekstar mellom musikkstykka og songane.
Ola Ohm gav ut plata Håp i november 2009. Med seg på denne innspelinga har han blant anna Magnhild Mo. Ho har tidlegare arbeidt i Stavanger symfoniorkester, og er no kantor og ungdomsleiar i Tananger kyrkjelyd, og har elles ein del oppdrag som freelance-musikar.
Ola er utdanna kantor frå Guildhall School of Music and Drama, London, og Høgskulen i Stavanger. For tida jobbar han som prest på Austre Åmøy nord for Stavanger, og som pastor i Klepp Frikyrkje, i tillegg til å ta freelance-oppdrag som musikar.
Plata Håp består av klassiske stykke som Vocalise, og Cantilena frå Poulencs fløytesonate saman med kjende salmar og songar som Hjemme i himlen, Deep river, Gje meg handa di, ven og No more night. Dei ulike spora er sette saman med eit ynskje om å skape håp i en situasjon der krisa meir enn håpet har prega samfunnet vårt.
”Håp” er tenkt å vere ei plate til meditasjon, stillhet og ettertanke, og coveret inneheld tekstar til ein del av songane. Opptaka er gjort i klosterkyrkja i Utstein Kloster, og har tilført innspelinga sin varme romklang. Konserten på Galleri Straume bygde på denne CD'en.

Inspirasjonsweekend i Øyfjell
Betania Øyfjell skipa til inspirasjons-dagar i Øyfjell fredag 11. og laurdag 12. mars. Idèen bak desse to dagane voks fram fordi me såg bl.a. behovet for å samle og inspirere dei kristne til å: - sjå at me er mange! - reise seg som kristne! - bruke den Gud har skapt oss til å vere for Han!
Fredag kveld var samlinga på Galleri Straume. Tema: Leve mitt liv i Guds plan, v/Ruth Kvålo Dalen. Kjell Breivik og Arny Egeland song country-inspirera songar, og fleire av dei hadde Kjell forfatta. Etterpå var det salg av varm mat, kaker og kaffe. Over 40 personar frå øvre Telemark kom og fekk oppleve eit varmt og inkluderande fellesskap i dette flotte galleri-bygget.
Laurdag var samlinga på bedehuset Betania Øyfjell. Tema: Inn i Guds nærhet.... v/Ruth og Ole Dalen. Kjell Breivik og Arny Egelend deltok med song, og Kjell fortalde frå livet sitt, og kva Jesus betyr for han. Ruth og Ole deltok også med song, og leda i lovsong. Det var ope for personlege vitnesbyrd frå dei frammøtte, og fleire deltok med det.
Det kjem til å bli tilsvarande samlingar framover, kanskje ein fredag i månaden.

Bibelutstilling på Galleri Straume
I samband med den årlege bibeldagen, som i år var på sundag 20. februar, skipa Betania Øyfjell til eit arrangement med ei bibelutstilling på Galleri Straume i Øyfjell. Der var utstilt biblar og nytestament i mange ulike utgåver, aldrar og variantar. Den eldste bibelen vi fekk låne til utstillinga var frå 1850-talet.
Boka Bibelen er den mest selde boka, og det har gjennom tidene kome bibelutgåver tilrettelagt for mange ulike lesargrupper. Barnebiblar kom i mange ulike variantar på 1900-talet, og ein del av desse var utstilte på bibeldagen. Likeeins biblar for meir mogne lesarar, bl.a. studiebibelen som kom no i seinare tid. Den har ein del utfyllande og forklarande tekst til dei ulike bibelavsnitta, og kan vere oppklarande for lesaren.
På programmet for samlinga på Galleri Straume var det song av gruppa Godt Nytt, det var enkel servering av brau med aure inntil, og kaffe, kjeks og twist. Og naturleg nok tekstlesing frå Bibelen.
Det vart også formidla litt historikk om Bibelen, slik som funn av bibeldelar, oversetjing til ulike språk osv.
Dette blei ei markering som vart sett stor pris på av dei vel 30 frammøtte, og some fekk med seg biblar som vart lodda ut på ein gratis "inngangsbillett" som alle fekk.

Vatnar leirstad i Bø i Telemark
Sundag 13. februar
skipa Betania Øyfjell til eit møte  spesielt for Vatnar leirstad, som er eit sameige av alle pinse-menighetane i Telemark, og vert bruka til leirar, weekend'ar, seminar, stemne, kurs m.m. Den største verksemda er leirar om vinteren, sommaren og hausten. Då er fleire hundre barn og ungdomar samla, både frå Telemark og andre fylke, saman med leirsjef, ledarar, leir-"prest", kjøkenpersonale, lydteknikarar, musikarar, og vår kjære bestyrar. På desse leirane vert årleg fleire ti-tals ungdomar frelst, og får vidare oppfylging av menighetar på heimstaden sin. Mange av Telemarks, og nabofylka sine kristne ungdomar har teke imot Jesus nettopp på Vatnar, og er idag aktive kristne, og ein del av dei er også leiarar på ulika område. Dette understrekar kor viktig og fruktbar denne leirstaden er. Det som er så tragisk, er at mange ungdomar, spesiet frå ikkjekristne heimar, ikkje får plass på leirane, fordi vi ikkje har plass til alle som melder seg på.
Vatnar vart kjøpt i 1964, og i åra etter vart internat-brakkene, matsal og kjøken sett opp. Dette er brakker frå fyrst på 1950-talet, som kom frå Tokkeanlegga. Desse var bygt med tanke på bruk i anleggstida, som var ferdig på 1960-talet. No har dei gjort teneste på Vatnar leirstad fram til no, men viser tydelege teiken på forfall, som store roteskader i golv og vindaugo. Issolasjonen er også dårleg, og gjer til at straumforbruket kostar fleire hundre tusen årleg. Likeeins er standaren forelda for lengst, og dermed er det vanskelegare å få leigt ut til andre, som gjerne ville bruke plassen om standaren hadde vore meir tidsmessig. Dette påverkar sjølvsakt ei viktig inntektskjelde for drifta.
Derfor er tida no for lenst inne til å oppgradere, utvide og byggje nytt, slik at alle ungdomane som vil på leir, kan få plass og få høyre om Jesus, for some for fyrste gong!! Dette vil vi stå saman om, og prosessen er godt igang.


Sundag 23.januar var det møte på Betania Øyfjell der Arne Øystein Rambekk hadde ein sterk og levande forkynning om dei grunnlegjande elemanta i å tru på Guds evangelie om Jesus og frelsa. Han og paraguaymisjonær Ole Johs Jorud spela og song også.

Sundag 16. januar kl. 11:00 skipa Betania Øyfjell til eit møte med fokus på "den lidande kyrkje". Det vart vist korte filmar, og meddela info om tilhøve i land med kristen-forfylging. Det vart også teke opp eit offer til arbeidet til Åpne dører som hjelper forfylgde kristne rundt om i verda. Elles var det bøn - song - fellesskap og nattverd.

Sundag 2. januar vitja Sigrid Eilevstjønn Betania Øyfjell. Ho er frå Kviteseid, men har budd i Jerusalem sidan 2008. Ved sida av studiar har ho kontakt med både jødar og arabarar, og får vise Kristi kjærleik ved praktisk hjelp til dei. Ho har også barnesamlingar der ho fortel om Jesus. Tidlegare har Sigrid arbeidt i 13 år med å hjelpe jødar frå Russland heim til Israel. Dei frammøtte frå fleire bygdar i Vest-Telemark fekk høyre ho fortalde mykje spanande og interessant om sine opplevingar, og korleis Herren hadde leda i ulike samanhengar. Det vart teke opp eit offer til støtte for denne kjærleikstenesta ho har i dette landet som har så mange lovnader frå Herren.

2. joledag
var forstandar i Troens Liv Bibelsenter i Skien, Runar Wold på Betania Øyfjell. Han er ein kjær og høgt akta forkynnar, og tala så levande om korleis vi er rettferdiggjort i Jesus. Gruppa Godt Nytt deltok med song og musikk.

Syng joli inn.
4. sundag i advent, 19. desember hadde songgruppa Godt Nytt ei Syng joli inn-samling på Galleri Straume i Øyfjell.  For den som ikkje var ferdig med jolehandelen, vart det høve til å kjøpe ei spesiell jolegåve iår. Det var salg av Dødehavs-produkt, til både førebyggjande og lindrande bruk for ei god helse. Over 40 personar frå Vest-Telemark hadde frive seg laus frå fyrijolsstria og funne vegen til ei varm og ljos fyrijolssamling med song, musikk og fellesskap. I pausa var der litt for goder ganen også.

Terje og Inger Johanne Berg, forstandarparet frå Salen Halden, vitja Betania Øyfjell sundag 28. nov. Dei gav ein djup, inspirerande og lettfatteleg forkynning. Gruppa Godt Nytt song og spela. 

Kenya-besøk i Øyfjell.
Sundag 21. november hadde Betania Øyfjell besøk av Signe Rygh Søvde frå Skien, som driv eit hjelpearbeid i Kenya. Ho hadde med seg Karen, som er av masai-folket som Signe har arbeidt blandt sidan 1999, etter eit kall Gud gav henne. Arbeidet er allsidig: Undervisning for kvinner, opplysning mot omskjering, hjelp til foreldrelause barn, gategutar, eldre sjuke og enker, og aids-sjuke. Signe fortalde medan ho viste mange bilete frå arbeidet. Karen forkynte Guds Ord med Signe som god tolk.

Sundag 14. november var Jørgen Cloumann og kona Åshild på Betania Øyfjell. Han informera om PYM (Pinsevennenes Ytre Misjon) i h.t. 100-års jubilèet, og korleis misjonsarbeidet starta med dei fyrste pionerane, og om alle dei land som PYM har hatt misjonsarbeid i. Deretter fortalte han og viste bilete frå dagheimen i Paraguay som romar 210 barn, og om menighetsarbeidet der. Han og Åshild har besøkt dette området mange gonger. Det blei samla inn eit offer til dette arbeidet, og det kom inn over 4.000 kr. Hjarteleg takk til alle som gav. De kan støtte denne dagheimen og arbeidet elles med å sende pengar til PYM Latin-Amerika v/Jørgen Cloumann, Raud Rygis veg 39, 3676 Notodden, konto 1644.23.50659.

Johnny Cash-konserten Galleri Straume i Øyfjell torsdag 11. nov. med Sindre Løvik og gitarist Jan G Haugen og bassist Karl Martin Draugedal vart ei fin oppleving for dei vel 80 publikumarane som opplevde konserten. Sindre Løvik framførte desse kjente songane på ein måte som var eit ekko av den fyldige barytonstemma til denne legendariske artisten frå bommulsmarkene i USA. Med framføringa i Skafså fjellkyrkje og Vinje kyrkje friskt i minne, vart dette ei fin gjenoppleving.

Fellesgudsteneste i Øyfjell kyrkje. Sundag 17. okt. hadde kyrkjelyden og pinsemenigheten felles gudsteneste i Øyfjell kyrkje. Sokneprest Per Sørensen leia messa, gruppa Godt Nytt frå Betania Øyfjell song og spela, og Harald S Kroken tala. Det vart også litt song med ungane, då det ikkje var sundagsskule denne dagen. Det var oppimot 40 øyfjellingar, og frå andre bygdar også, som fann vegen til kyrkja denne dagen. Etter messa var det kyrkjekaffe.

Johnny Cash var ein kjent songar og musikar, som har framført mange kristne songar på sin særeigne måte og stil. Sundag 3. okt. var Sindre Løvik, saman med musikarar og songarar frå Vinje og Kviteseid, i Vinje kyrkje. Det blei ei spesiell messe denne kvelden, der mange songar av Johnny Cash blei framført i hans kjente stil og musikkdrakt. Ca. 170 personar frå store delar av Vest-Telemark, og i alle aldrar, hadde funne vegen til Vinje kyrkje. Aplausen ville ingen ende ta, og blei besvara med ei ekstra song av Sindre & co. Responsen etter messa levna ingen tvil om at slike songsamlingar måtte skipast til oftare. Innimellom songane var det tekstlesing av Astri Bye Ramberg og Svein Ringhus. Eilev Erikstein hadde ei tale til djup ettertanke.

Trekningsliste for basaren
som Betania Øyfjell hadde på Galleri Straume laurdag 18. sept. er trykt i Vest-Telemark blad laurdag 25. sept. på side 19. Dette gjeld gevinstane som blei lodda ut på loddbøkene.

Basar på Galleri Straume i Øyfjell
Laurdag 18. september 2010 var det basar på Galleri Straume til inntekt for barne- og ungdomsarbeidet som vert drive av Betania Øyfjell. Mange hadde gjeve gevinstar til basaren, og loddsalget gjekk unna så det var ein fryd. I tida før basaren hadde det vore seldt lodd på bøker rundt om, og her var det dei 10 største gevinstane vart trekt.
Til saman kom det inn godt over 12.000 kroner på loddsal totalt, og i tillegg vart det seldt kaker, kaffe og brus på basaren. Frammøtet var veldig bra, og me sette fram litt ekstra stolar etter kvart.
Betania Øyfjell vil rette ein stor takk til alle som kaupte lodd, og som støtta opp om basaren. Hjarteleg takk til alle saman!!!

Pål Pedersen var på Betania Øyfjell sundag 22. aug. og 5. sept. Han er ein erfaren forkynnar i inn- og utland. Han driv eit breitt og utadretta arbeid gjennom organisasjonen sin Mission Revival, med evangelisering, undervisning og menighetsplanting.

 

TelemarkstemnetVatnar leirstad i Bø i Telemark var iår 20.-25. juli. Sjå www.vatnarleirsted.no .Der var eit veldig bra opplegg som inkludera alle aldrar; barn, ungdom, familiar, einslege, eldre.
Forkynnarar frå ulike delar av landet deltok, likeeing songarar og musikarar.
Mange budde i telt eller vogn på leirstaden sin eigen campingplass, andre budde på internat-roma. Det var salg av mat og kioskvare. Lappe-(svele)seljaren var på plass i år også, og det er eit innslag vi set stor pris på.

Sundag 20. juni vitja Frank og Kristin Håvik  Betania Øyfjell. Det var nattverd, forkynning av Håvik, song av gruppa Godt Nytt. Etter møtet vart det servera mat.
Dette var på ein måte avslutnainga for møteverksemda på Betania før sommarferien.
Men det er mange ulike stemne og samkomer rundt omkring i både Telemark og elles, som er vel verdt å reise til i sumar.

Sundag 30. maivar Leiv Holstad til Betania Øyfjell. Han starta Marita-stiftelsen i 1984, og har med sine medarbeidarar hjelpt eit utal narkomane ut av rusens slaveri, www.marita.no .Holstad er ein kjær forkynnar med ein klar bodskap utifrå Guds Ord, Bibelen.



 

TEAM OF FIRE med Hans Petter Martinsen, også kalla HP, og to kameratar, er ein gjeng med kristne karar som har ein god del meir krefter enn gjennomsnittet. Dei knuser murstein av ymse slag, rullar saman steikepanne, og gjer ulike andre stunt.
Samtidig fortel dei om livet som kristen, og korleis ein kan bli kjent med Jesus.
Dei var på Øyfjell grendehus fredag 14. mai.

Pål Pedersen var i Øyfjell 9. mai
Pål Pedersen er kjent i inn-og utland gjennom mangeårig arbeid for Guds rike, spesielt med forkynning. Han har også vore mykje bruka til tolk av utanlandske forkynnarar i Noreg. Pål har ei evne til å nå alle aldersgrupper, ved at han møter dei på deira område og tenkemåte. På Telemarkstevnet har han vore forkynnar på ungdomsmøta i fleire år.
I fjor begynna han i teneste for Troens Bevis Verdens Evangelisering, men er no tilbake i misjonsforeninga Revival.

Cyril Pedersen var på Betania Øyfjell 2. mai
Cyril Pedersen har nyleg vore ute i Argentina og starta eit 2-årig prosjekt for opplæring av argentinske medarbeidarar. Mange av desse er fattige, og treng difor støtte til reise og opphald for å delta på desse opplæringssamlingane. Difor har fleire menighetar, deriblandt Betania Øyfjell, teke på seg å støtte dette prosjektet økonomisk, i tillegg til forbøn. Cyril, som sjølv var misjonærbarn i Argentina, ivrar etter å hjelpe dette folket, som står han veldig nær. Han informera om prosjektet, og inspirera til å be for evangelisering av Argentina.

Finn Arne Lauvås var i Vest-Telemark
Fyrste møtet i denne serien var onsdag 21. april på Evangeliehuset i Åmot, deretter fortsette han i Kviteseid, og hadde også eit møte på Betania Øyfjell sundag føremiddag 25. april. Lauvås er ein av dei grundigaste forkynnarar vi har i Noreg, og har ein detaljera innsikt i Guds Ord, Bibelen, som er sjeldan å høyre.

Hans Petter Martinsen til Vinje og Kviteseid
Onsdag 7. april kom Hans Petter Martinsen, også kalla HP, tilbake til Vest-Telemark, og var her ut veka. Han vitja ulike samlingar (møte, klubb, skule, husgruppe) i Vinje og Kviteseid. 

Basar og kunstauksjon på Galleri Straume i Øyfjell i februar til Prosjekt Haiti Telemark

Trongen for hjelp til dei som er ramma av jordskjelvet på Haiti er stor. Dette er det mange som gjer noko med, og i Øyfjell vart det også gjort ein innsats. Laurdag 27. februar kl. 13.00 var det basar på Galleri Straume til inntekt nettopp for dette prosjektet, og kl. 16.00 var det ein kunstauksjon. Mange flotte gevinstar av høg kvalitet var samla inn, og frammøtet var veldig godt. Folk kaupte mykje lodd, både av blokkar, og på bøker som hadde ligge ute for salg ei tid. Kunstauksjonen gjekk nok litt tregare, sjølv om det var bilete og måleri laga av kjende kunstnarar. Men resultatet vart til saman på over kr. 40.000, som vil bli til stor hjelp for mange på Haiti. Tusen takk til alle som gav gevinstar, kaupte lodd og baud på auksjonen, og til alle som hjelpte til på med alt av praktisk arbeid!

 

Hans Petter Martinsen var i Vinje, og kjem att etter påske.

Tidlegare boksar med 3 NM-titlar, nordisk meistar, delteke i EM og VM, vore torpedo, livvakt, narkoman, og har kallenamnet HP, er idag ein mann som ikkje lenger er eit trugsmål for folk, men ein som vil alle det beste.
Hp har ei livshistorie som er eit sterkt vitnemål om kva for eit mirakel han eigentleg er. Han er erklæra død to gonger av legar på sjukehus i Oslo, men Gud hadde ein annan plan for han enn å dø.
Fredag 22. januar '10 var han på ungdomsskulane i Edland og Åmot, der han hadde foredrag om korleis narkotika verkar på menneskje, og kva konsekvensar det har for den som brukar det, for familie, nærmiljø og samfunnet elles. Alle elevane fekk med seg eit hefte som handlar om dette alvorlege temaet. Både lærarar og elevar uttrykte at dei fekk ei eintydig og klar forståing av kor farleg og destruktiv narkotikaen eigentleg er.
Sundag 24. januar var han på Evangeliehuset i Åmot, der han forkynte for ein fullsett møtesal om Guds mirakel, og er sjølv eit levande vitne på kva Jesus kan gjera for eit menneskje. Songarar frå Hjartdal deltok også med frisk song og musikk.
Hans Peter kjem tilbake til Vinje og distriktet her i veka etter påske, for å besøke andre skular, samle ungdom også på ei kveldssamling, og folk elles i alle aldrar på andre samkomer.               

 

Adventskonsert på Galleri Straume i Øyfjell


2. sundag i advent var det konsert med Sondre Bratland og Synnøve Aanensen med musikarar på Galleri Straume i Øyfjell. Interessa for konserten var så stor at alle dei 120 billettane vart utselt mest 2 veker før konserten. Det var i høgste grad stor stemning av advent og førjolskjensler. Sondre fortalde litt om jol og historikk rundt jolesongar.  Han song fyrst med si varme stemme, og  utan musikk,  tradisjonsrike songar om jol. Etter kvart song Synnøve kjente jolesongar både på norsk og engelsk , og fortalde innimellom om muntre opplevingar. Sondre og Synnøve song også duett og vekselvis solo, med flott akkompagnement av unge og talentfulle musikarar.

Applausen sat laust etter kvar song dei framførte, og det er lett å skjøna at fleire musikkjennarar har gjeve terningkast 6 til framføringar som desse songarane har hatt. Og lydteknikar Bjørn Kolbrek gjorde eit strålande arbeid med å styre lyden med god balanse i den fullsette salen.


Responsen gav arrangørane god grunn til å sei seg godt og vel nøgde etter denne fine adventsopplevinga i Øyfjells nye kultursenter, Galleri Straume, som vart opna 21. november i år. Mange av publikum nytta også høvet til å sjå på kunst og handverk der, både fastutsalget, og måleri- og skulptur-utstillinga som varer fram til 17. januar.

 

 

 

 

Webansvarlig: Asborg Kroken 

Stoff kan gjengjevast etter skriftlig avtale.
Kontakt: Asborg Kroken  Mail: asborgkr(a)gmail.com

 
Vesttelemark.com