YournameCom © 2007 • Privacy Policy • Terms of Use

 

Heim

 

Kraftfullt møte i Øyfjell

 

Pastor Gabriel og kona, frå Argentina vitja Betania Øyfjell onsdag kveld. Det vart eit kraftfullt møte det Gabriel forkynnte om det å ta ut potensialet i trua og aktivisere trua til å gjer det Gud har bedt oss om. Under forbøna etter talen vart ein mann helbreda for smerter i ein arm.

 

 

 

 

 

 

 

Carlos Valencia (th) frå Lårdal var tolk. Pastorparet står i eit fruktbart arbeid heime i Argentina. Bare i mars og April kom 300 nye til tru på Jesus.

 

 

 

 

 

 

 

 

Per Søetorp på Kafètreff i Grungedal


 

 

 

 

 

 

 

 

 

Per og Ester Søetorp frå Oslo besøkte Kafètreffet i Grungedag søndag den 10. mai. Bordene fylltes opp og folk frå Edland til Kviteseid kom sammen til en flott ettermiddag.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Per er en flott sanger og låtskriver, men vi fikk også høre han som forkynner. Det var en sterk opplevelse. Han talte over tema: "Vil du bli frisk, vil du forandring?" Utefra teksten om den syke som lå ved Betesta dammen og som Jesu helbredet. Per utfordret tilhørerene til å gå for en forandring i livet og ikke bli komfertabel i en ukomfertabel situasjon. Flere ble også bedt for i slutten av møtet. Vi håper å se Per igjen flere ganger i regionen.

 

 

 

 

 


Møtedeltakarane sine tilbakemeldingar var veldig positive, og dei fleste stolane var opptekne.

 

 

 

 

 

 

 

 

Mer om Per Søetorp

Sterk musikk for sjelens sår!
Gjennom over 20 år har Per gjort seg bemerket gjennom sin musikk - både som soloartist, produsent og arrangør, samt som lovsangsleder og musikkansvarlig i bl.a. Oslo Kristne Senter og Salemkirken i Oslo.  Han står bak et titalls plateutgivelser, hvorav 5 soloinnspillinger.  Per er forøvrig kjent som mannen bak ”GLORY” - den store nasjonale lovsangsfesten i Oslo Spektrum som samlet 5600 mennesker 1.nyttårsdag for noen år siden.  På 90-tallet var han pioner med ”Salmodi-skolen”, som ble arrangert i 40 menigheter og med over 4000 elever bare her i landet. 

Stilmessig spenner han vidt, fra heftig jazz/pop og trompetsoloer til rolige, iørefallende ballader og lovsanger som tar oss med inn i Guds herlige atmosfær. Mye nytt og spennende stoff, som vil ha lang levetid i mange hjerter og hjem i tiden som kommer!

Den sist utkomne platen kan du få kjøpt ved å sende en mail til post@josvafolket.org. Den koster kr 150,- + sending.

 Inntektene av salget går uavkorta til Josvafolket sitt evangeliseringsarbeid.

 

 

 

 

 

Vellukka påskefrukost i Betania Øyfjell

Vel 30 personar samlast til påskefrukost på Betania Øyfjell 1. påskedag morgon. Sanggruppa Godt nytt leia an med sang og musikk, Elisabeth Dyrland las påskeevangeliet og andre deltok med dikt og vitnesbyrd. Påskefrukosten på Betania er etter kvart vorte ein god tradisjon.

 

 

 

 

 

 

STORSAMLING/KAFÈMØTE I EVANGELIEHUSET I VINJE

Søndag 5. april kl 19.00 var det Storsamling på Evangeliehuset i Åmot. Sanggruppa "På tross av" leda an i sang, og sang også sanger for fullt hus. Kristin Håvik deltok med sang og vitnesbyrd og Frank Håvik hadde tale. Det heile vart binde saman av Alf Jul Jakobsen frå Høydalsmo. Mange gav uttrykk for at det vart ein spesiell kveld. Folk kom saman frå Edland til Lårdal, i tillegg til påsketurister på besøk i distriktet. Dette var eit ope møte for alle, og det er dei mange husgruppene i Vinje og Tokke som stod bak saman med pinsemenighetane i Åmot, Øyfjell, Høydalsmo og Lårdal. Neste storsamling vert i Grendehuset i Grungedal 10.mai.

 

Alf Jul Jakobsen innsett som forstander i pinsemenigheten Eben Ezer i Lårdal
På eit møte i Eben Ezer i Lårdal, søndag 22. mars vart Alf Jul Jakobsen frå Høydalsmo innsett som forstander i menigheten i Lårdal. Leiarar frå pinsemenighetane i Åmotsdal og Øyfjell, og fleire var med på den høgtidelege forbønshandlinga. Alf Jul tala over emnet, Fri frå fordømmelse. Det var eit friskt og frigjerande budskap som mange tok til seg. Menigheten hadde ordna til med servering av kaffe og kaker etter møtet. Alf Jul har allereide teke til med tenesta i Lårdal og han har saman med fleire starta barneklubb og husgrupper i Lårdal.  

 

Flott fellesmøte i Vinjehuset 

Sundag 8. februar inviterte pinsemenighetar i Vest-Telemark, Maran Ata og fleire husfellesskapsgrupper til Fellesmøte på Vinjehuset i Åmot. Det vart mykje song og musikk, mellom anna deltok songgruppa ”På tross av” frå Vinje og gruppa ”Godt nytt” frå Øyfjell.

 

Gjestetalar var Arvid Bentsen frå Den Internasjonale Kristne Ambassade i Jerusalem var i storslag. Tema for tala var svært aktuelt, nemleg: ”Midt-Austenkonflikten har åndelig karakter”. Bentsen har fyrstehandsinformasjon frå Midt-Austen etter utallige besøk der, og få har så mykje innsikt i og oversikt over dette spørsmålet som han. I mange år har han reist rundt i Noreg og delt med seg av all kunnskapen han har, og i det siste har han samla fulle hus alle stader. Dei frammøtte fekk mykje å tenke på, og det var ein svært aktuell og interessant tale. Salget av DVD-er gjekk unna etter møtet.


 

 

 

Kjempefin haustkonferanse på Hermon.


Fleire frå Telemark tok del. Meir her

 

 

 

 

 

 

Les om arrangement som er i ulike menigheter i Vest-Telemark. Meir

 

NETTVERK FOR HUSGRUPPER

No vert eit nettverk for Husgrupper i Vesttelemark etablert. Kristin og Frank Håvik vil stå i spissen for å lede nettverket. Alle husgrupper (les meir om husgrupper)  i området kan vere med i nettverket og nye godt av det som skjer der. Vi nemner særleg to områder som kan bety mykje for gruppene. Det vert etablert tilbud om ledersamling for gruppeledere. Dette vert inspirasjonssamlinger og kontaktsamlinger. Videre blir det etablert felles storsamlinger der alle kan delta uavhengig av menighetstilknytning.


Josvafolket sitt arbeid iVest-Telemark

Det er ei kjent sak at ein del menighetar ute i distrikta minkar, og some døyr heilt bort. Dette kan ha fleire grunnar. Ein del bygdar som ikkje har arbeidsplassar eller
vidaregåande skular og by på, opplever fråflytting.
Men hovudgrunnen til minkande menighetar, er liten eller ingen utadretta verksemd. Dette er eit av dei fenomena som Josvafolket tek tak i der dei får vere med å virke i det lokale menighetslivet.
Les meir

 

VELLUKKA INNSAMLINGSAKSJON

Det har så langt kome inn omlag 200 sekker med klede til nødhjelpsarbeidet som OPEN HEART driv i Ukraina. Folk kom og gav inn avlagde klede og sko. På Høydalsmo stillte nokre opp med kaffi og vafler til dei som kom med klede. Tusen takk til alle som gav, og til dei som var med og gjennomførte aksjonen. 

 

 

Alf Jul Jakobsen tek imot klesekkar frå Vrådal.

 

 

 

 

 

Flott aksjonsmøte på Høydalsmo og i Grungesal tysdag 26. og onsdag 27. august.

Hallvard Hasseløy var som vanleg i godt slag då han møtte folket i Høydalsmo tysdag kveld. Han fortalde inngåande om det store hjelpearbeidet som stiftinga Open heart driv i Ukraina. Det var gripande å høyre skildringar av korleis menneske lever i djup fattigdom i vår eigen verdsdel. Innsamlingsaksjonen vi skal ha på laurdag vil være med å hjelpe nokre. Vi fekk og sjå ein dokumentarvideo som viser både kor stor nauda er, og at hjelpa kjem fram.

Elles i møtet deltok sanggruppa Godt Nytt frå Øyfjell og Alf Jul Jakobsen leia det heile.

Onsdag kveld var han i Grungedal og dei frammøtte fekk ein fin kveld.

27.-28.8.08  Frank Håvik

 

Team frå Varna evangeliesenter vitja Edland og Lårdal

17.-18. juni hadde Vesttelemark vitjing av eit team frå Varna Evangeliesenter. På tross av at det var sommar og mange ting som skjedde i bygdene var det mykje folk som hadde møtt fram på samfunnshuset i Edland den 17. juni.      Les meir

 

 

 

 

 

Ny informasjonsside for Vest-Telemark

Velkommen til ei ny informasjonsside om ting som skjer på kristenfronten i Vest-Telemark.

Det er organisasjonen Josvafolket som står som initativtaker til sida og vil utvikle den i nært samarbeid med pinsemenighetane i området.

Etter kvart vil sida vil halde deg informert om kva som skjer på menighetsfronten og det arbeidet som skjer i regi av Josvafolket. Bruk sida til å innhente opplysningar og til å gje tilbakemeldingar.

Velkommen!                                             - Frank Håvik, webansvarlig