Heim

 


 

Josvafolket sitt arbeid i

Vest-Telemark

Det er ei kjent sak at ein del menighetar ute i distrikta minkar, og some døyr heilt bort. Dette kan ha fleire grunnar. Ein del bygdar som ikkje har arbeidsplassar eller vidaregåande skular og by på, opplever fråflytting. Men hovudgrunnen til minkande menighetar, er liten eller ingen utadretta verksemd. Dette er eit av dei fenomena som Josvafoket tek tak i der dei får vere med å virke i det lokale menighetslivet.
Betania pinsemenighet Øyfjell er ein menighet i Vinje i Telemark. Det har i ein del år vore stillstand i tilveksten, sjølv om vi har ungdom som er ute og evangeliserar
store delar av sommarhalvåret. Men etter at Josvafolket v/Frank og Kristin Håvik kom inn i verksemda, fekk vi sjå ein del sider av menighetslivet som mangla.
Fyrst er det menigheten sin bevissthet på kva vi har i menigheten, ”Kva har du i huset”. Det gjeld evner, gåver, kall og ressursar, og få vekkje det til live. Bevisstgjera den enkelte, vise romsleghet, oppmuntre og heie fram det

 


som finns av potensiale. Det er fyrst og fremst det oppsøkjande arbeidet ute i lokalmiljøet som er nykjelen. Det siste året har vi fått erfare at det sit

 

 mange menneskje rundt omkring som er klare for Jesus, men det er ingen kristne som har oppsøkt dei for å invitere. Folk flest blant ufrelste går ikkje lenger i tradisjonelle
kristne forsamlingar som før. I staden for å gruble på det, og be Herren sende dei til oss, så er det berre å lytte til Jesu røyst: Be haustens Herre om å drive arbeidarar ut til sin haust. Eller som profeten siterar Gud sjølv: Kven kan eg sende, kven vil gå? Det er dette Josvafolket går for, og resultata er synlege.

 

Men eg skal vere den fyrste til å innrømme at det var tøft å måtte omstille seg.
Men det er ingen alternativ dersom ein vil vinne sjeler ute i den verden
vi lever midt oppe i, i  dagens samfunn. Jesus bad læresveinane om å kaste ut garnet i dagslys, på den andre sida av båten. Dette harmonera ikkje med kva erfarne fiskarar visste. Men atter er  det Jesu ord som står fast: på frukta skal treet kjennast. Ikkje omvendt. Ein kan meine akkurat det ein vil, vi kjem ikkje
utanom. Vi gler oss storleg over det som skjer i Vinje og Vest-Telemark i kjølvatnet av det arbeidet Josvafolket gjer. Og som Frank Håvik klart har uttykt; vekking (les innhausting) er hardt arbeid. Men for ei VELSIGNING å vere med på.
Og det er mange sider av arbeidet som trengs å takast hand om. Økonomien er ei viktig side. Få frigjort økonomiske midlar, og så dei inn i arbeidet, og avkastninga er evige resultat.
Vi erfarar det, og det kan alle andre også som vil prøve. Tenk berre på det Herren seier om tienden, lydighet, og kva som då vil skje med Himmelens sluser…..
Denne innhaustninga kan alle vere med i, og vere ein del av, kvar etter den utrustning og kall Herren har lagt i den enkelte.

Harald S Kroken, forstandar i pinsemenigheten Betania Øyfjell